(
(

Tiltalt for vald mot politibetjent

Vald, truslar og grove ukvemsord mot offentlege tenestemenn, er berre noko av det ein osing i 30-åra er tiltalt for. Saka skal opp i Bergen tingrett februar 2018.

Søndag 22. mars i 2015 skal mannen ha forsøkt å nikka ein politibetjent, og medan han låg nede tok han tak i leggen til politibetjenten og prøvde å sparka mot ansiktet. I desember same året, forsøkte han å forhindra ein politibetjent i å roa han ned og gripa han utanfor ein utestad i Os. Mannen sparka mot politibetjenten under pågripinga og under transporten til Bergen legevakt var han aggressiv og pressa kroppen sin mot politibetjenten og sparka frå med beina.

Avføring på vegger

I høve pågripinga i det første tilfellet, er vedkommande også tiltalt for å ha forulempa ein offentleg tenestemann under hans utføring av tenesta ved ukvemsord eller annan fornærmeleg åtferd. Laurdag 16. mai 2015 blei vedkommande gripen og sett i arresten. Der skal han ha grisa til lampe og vegger med avføring, skada celledøra, losna to metallrister frå veggen og knust delar av kuppelen på overvakingskameraet, og hakka på veggen slik at det blei merke.