Slik ser det ut nedom Grindavollskrysset i dag.
Slik ser det ut nedom Grindavollskrysset i dag.

Tjuvegods eller forsøpling?

Nedom Grindavollskrysset ser det slik ut fredag føremiddag. Er det nokon som kjenner att innhaldet?

Ein innringjar busett på Nore Neset vart møtt av dette synet då han var ute og gjekk fredag føremiddag. 

– Det ser ut som om nokon har tømt to koffertar. Eg vil tru det er tjuvgods, eventuelt forsøpling, seier tipsaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vonar at dersom nokon kjenner att innhaldet i kofferten vil dei reisa ut og samla det inn. 

Blant gjenstandane er blant anna klede, vesker, dokument, ei pute og ledningar/adapter. Dette ligg nedom busslomma på Grindavoll, ca. 100 meter frå Hagavik Hjemmebakeri i retning Skeisflaten.