Det er lang kø i begge retningar etter ei trafikkulukke på FV 48 i Fusa. To bilar er involvert i ulukke som fann stad ved Drageidebrua i nærleiken av Kilen. (Arkivfoto)
Det er lang kø i begge retningar etter ei trafikkulukke på FV 48 i Fusa. To bilar er involvert i ulukke som fann stad ved Drageidebrua i nærleiken av Kilen. (Arkivfoto)

To bilar involvert i trafikkulukke ved Drageidebrua i Fusa

Det er full stans i begge retningar etter ei trafikkulukke på FV 48 ved Drageidebrua i Fusa.

Ulukka fann stad klokka 16.02 på Drageidebrua i nærleiken av Kilen. To bilar var involvert i ulukk. Tre personar skal etter alt å døma vera lettare skadd.

– Vi har ikkje fått fram våre ressursar enno. Men det skal vera ein frå helsepersonell på staden, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen, litt før klokka halv fem.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein person blør frå hovudet. Ein annan klager oer vondt i ribbeina, seier operasjonsleiaren.

Magnussen kan vidare opplysa om at det for tida er trafikale problem på ulukkesstaden.

Oppdatert: Brannvesen, politi og legebil skal no vera på staden.

camilla.kvamme@osogfusa.no