(
(

To menn barka i hop – igjen

To menn, som tidlegare har hatt besøksforbod mot kvarandre, starta å slåst igjen i Kuvågen måndag kveld.

– Det er snakk om ein mann i 40-åra, og ein mann i 50-åra. Førstnemnde er meldt for kroppskrenking, og dei to har fått eit pålegg om å halda seg borte frå kvarandre, fortel politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.

Vidare fortel Hadler-Olsen at dette er eit problem som går igjen mellom dei to mennene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje første gong dette skjer. Dei har tidlegare hatt besøksforbod mot kvarandre. Det er snakk om to vener som oppsøkjer kvarandre, og ved fleire høve har det enda med eit basketak når det er rus i biletet, seier Hadler-Olsen.