Det var måndag tre personar som braut besøksforbod.
Det var måndag tre personar som braut besøksforbod.

To menn braut besøksforbod mot kvarandre

I 14-tida i går fekk politiet melding om bråk frå ei bustad i Kuvågen. På staden fann politiet to menn som har besøksforbod mot kvarandre.

– Det skjedde ikkje noko alvorleg på dette tidspunktet, men det har eskalert tidlegare. Dei to har ikkje lov til å oppsøkja kvarandre, og vil bli meldt for besøksforbod begge to. Det er snakk om ein mann i 40-åra og ein mann i 60-åra, seier politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.

Oppsøkte eks

I 19-tida var det nok ein person som braut eit besøksforbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei kvinne melde frå om at ein ekskjærast som har besøksforbod oppsøkte ho. Politiet rykte ut viste mannen bort. Han vil bli meldt for brot på besøksforbodet. Eks-paret er i 20-30-åra, seier Hadler-Olsen.