To menn i 20-åra vart bortvist frå ein utestad i Os sentrum natt til laurdag.
To menn i 20-åra vart bortvist frå ein utestad i Os sentrum natt til laurdag.

To menn i 20-åra bortvist frå sentrum

To menn i 20-åra laga ugrei på ein utestad i Os sentrum natt til søndag, og vart bortviste. Ein tredje kar hevda at han vart slått ned av ein ukjent person.

Det opplyser politibetjent ved Os lensmannskontor, Martin Nordeide.

Rundt klokka halv tre natt til søndag var det tre episodar om lag samstundes i Os sentrum. Politiet vart kontakta av vektarar ved ein utestad som meldte frå om ein utagerande gjest.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen i 20-åra fekk pålegg om å forlata sentrum og gjorde det, fortel Nordeide.

Like etterpå vart endå ein mann i 20-åra teken med ut frå utestaden. Også han fekk pålegg om å forlata staden og sentrum.

– Det har ikkje vore brot på desse pålegga, og det er ikkje oppretta noko sak, fortel politibetjenten.

I samband med oppdraget på utestaden, vart patruljen kontakta av ein person i sentrumsgatene i Os som blødde frå ansiktet. Han hevda at han var blitt slått av ein ukjent person som løp frå staden etter hendinga.

– Det skal ha vore ein mørkkledd mann i 20-åra. Personen som blødde frå ansiktet vart teken med til legevakt for sjekk. Det vert oppretta ei sak på kroppskrenking som vert vidare følgt opp anten i dag, søndag, eller måndag, informerer Nordeide.

Forutan dei tre episodane i Os sentrum, har det vore ei roleg natt for politiet. Det same gjeld natt til laurdag, og laurdag på dagtid.

– Vi bisto politiet i Fana med nokre trafikkhendingar laurdag, fortel Nordeide.