Då politiet kontrollerte to menn i 20-åra i natt fann dei mellom anna to knivar.
Då politiet kontrollerte to menn i 20-åra i natt fann dei mellom anna to knivar.

To menn teken med kniv og amfetamin

Like før halv fire i natt vart to menn i 20-åra kontrollerte av politiet i Os. Begge hadde kniv. Èin vart også teken med ei mindre mengd amfetamin.

Hendinga fann stad i Os nord, og ifølgje vakthavande betjent ved Os lensmannskontor, vart dei to mennene avhøyrte på staden.

– Knivane og amfetaminet vart inndrege. Det er oppretta ei sak på forholdet. Deretter vart dei dimmiterte, opplyser han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt tidlegare på natta, like før klokka tre, kontrollerte politipatruljen eit køyretøy og føraren, også det i Os nord.

– Det vart funnen ein pepparspray i bilen. Truleg var pepparsprayen av ein type som ikkje er lovleg i Noreg av di personen vart avhøyrt på staden, og det er oppretta ei sak, opplyser politiet.

I løpet av natta, i 1-tida, vart det også gjennomført ein trafikkontroll på kontrollflaten i Storestraumen. 23 førarar vart kontrollerte, utan reaksjonar.