To til sjukehus etter kollisjon

To bilar frontkolliderte på fylkesveg 48 ved Eikelandsosen fredag ettermiddag. Dei to bilførarane vart køyrd til Haukeland US for sjekk.

Det var like før klokka halv seks fredag ettermiddag at dei to bilane møtte kvarandre front mot front. Frontkollisjonen fann stad på Fylkesveg 48, like ved båthamna i Eikelandsosen.

– Det vart store materielle skadar på bilane, men etter det me har grunn til å tru sleppte dei som sat i dei to bilane i frå det utan alvorlege skadar, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

To personar vart likevel sende til Haukeland Universitetsjukehus for nærmare sjekk.

– Det var dei to førarane av bilane. Ein mann i slutten av 40-åra og ein mann i 60-åra. Han eine fekk airbaggen i seg og klaga over smerter i brystet. Han andre var meir prega av situasjonen og trong ein sjekk, seier Kolltveit vidare.

Ei stund etter kollisjonen var det omkøyring via Eikelandsosen sentrum, men etter at bilberginga hadde fått bilane ut av vegbanen vart Fylkesvegen igjen opna for trafikk.

Det var også ein passasjer til i den eine bilen. Etter det Os og Fusaposten forstår kom denne  frå kollisjonen utan skadar.