To separate basketak oppstod laurdag kveld og natt til søndag.
To separate basketak oppstod laurdag kveld og natt til søndag.

To valdsepisodar i natt

Relativt tidleg på kveld måtte politiet rykka ut til eit basketak på Søfteland. Seinare på natt vart ein mann slått ned på Osøyro.

Klokka 20.54 fekk politiet melding frå ei adresse på Søfteland. To rusa personar i 20-åra var komne på døra til ein mann i 50-åra. Operasjonsleiar BJarte Rebnor seier at det var litt vanskeleg for politiet å få på det reine kva foranledningen for besøket var.

– Patruljen på staden hadde litt problem med å finna den raude tråden i det. I alle fall hadde dei knust ei rute og det var dårleg stemning, og det vart satt fram trugsmål. Det oppstod eg basketak, og det enda med ein fornærma som blei sendt til legevakten for sjekk. Ein personar vart pågripen, seier Rebnor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ber om tips etter vald

Rundt klokka 1.30 natt til søndag vart det funnen ein blodig mann på Osøyro terminal.

– Han var bevisst , men hugsa ikkje så mykje av kva som hadde skjedd. Han låg på bakken ved busshaldeplassen, fortel Rebnor.

Då politiet kom til staden stod det ein del personar rundt vedkomande, og politiet fekk opplyst at mannen var blitt utsatt for vald. 

– Det var ingen om direkte hadde sett kva som hadde skjedd, men det såg ikkje ut som at han berre hadde fallt. Så dersom nokon har sett kva som skjedde ber me dei om å kontakta Os lensmannskontor, seier operasjonsleiaren.