Osingen Christer Hjelle (17) har fått jobb som dj på Empire.
Osingen Christer Hjelle (17) har fått jobb som dj på Empire.

Tok dj-utfordringa på strak arm

17-åringen Christer Hjelle fekk ei utfordring frå Catten- og Empire-innehavar Bjarte Andersen og tok ho på strak arm. Hjelle er saman med Nini Lid (23) dei to nyaste tilskota i dj-stallen til Andersen.

– Fetteren min jobbar på Empire. Eg var med han og gjorde klart på utestaden før opning, og blei kjend med Bjarte. Eg snakka litt om at eg på sikt ønskte å prøva meg som dj. Bjarte sa at eg skulle få sjansen om eg lærte meg korleis eg skulle gjera det. Plutseleg fekk eg melding og spørsmål om eg var klar for ei utfordring, seier Hjelle.

17-åringen styrte musikken på Empire for første gong rett etter sommaren, og har sidan hatt eit par jobbar på Empire i månaden. Laurdag skal han igjen styra musikken på utestaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva inneber det å vera dj?

– Ein skal finna musikk som passar til stemninga, og får folk på dansegolvet. Det inneber også miksing. Eg gjer det litt, men er ikkje kjempegod til det enno. Eg øver, seier han.

Kjenner Kygo

Nini Lid er frå Hop. Ho har vener i Os, og synest nesten det er kjekkare å gå ut i Os enn i byen.

Nini Lid jobbar sin sjette kveld som dj i Os på Catten på nyttårsaftan.
Nini Lid jobbar sin sjette kveld som dj i Os på Catten på nyttårsaftan.

– Eg er blitt kjend med Bjarte etter å ha vore ute i Os mange gonger. Eg tok dj-kurs i september og oktober i fjor. Først tenkte eg at eg burde vente ei stund før eg søkte jobb, men så bestemte eg meg for å senda ein e-post til Bjarte og høyra om det var mogleg å få prøva seg. Han var positiv og engasjert. Det var veldig kjekt, og første helga i november spelte eg for første gong, seier Lid.

Storebroren til 23-åringen er barndomskamerat med den velkjende musikkprodusenten Kyrre Kygo Gørvell-Dahll. Så han kjenner ho godt.

– Har han inspirert deg til å jobba med musikk?

– Eg produserer ikkje musikk slik som han gjer, men det har eg lyst til å prøve meg på. Så ja, eg er nok litt inspirert av han. Eg spelar mange av songane hans, seier Lid.

Totalt har Bjarte Andersen fem ulike dj-ar han byter på å bruka, i tillegg til fire liveartistar og ein pianist. Han er godt nøgd med dei to nyaste tilskota.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei spelar bra musikk, og er flinke til å treffa publikum. Eg er svært nøgd med dei, seier han.

Glad i gamle slagerar

Så langt har det blitt tre spelejobbar på Empire, og nyttårsaftan får Lid sin tredje spelejobb på Catten. Lid fortel at ho førebels er den einaste jenta som er dj i Os.

– Det å vera dj er absolutt noko jenter kan driva med. Eg vil oppmoda fleire til å prøva seg.

Tidlegare har Andersen sagt til Os & Fusaposten at han jobbar for at det vaksne publikumet på Catten skal få livemusikk, men at dei også kjem til å få dj som avveksling.

– Korleis er det å spela musikk for det yngre publikummet kontra dei vaksne?

– Eg må berre tilpassa meg publikum. Det er sjølvklart ulikt kva som fenger ungdom og vaksne. Eg har fått litt tips frå foreldra mine om kva musikk dei vaksne helst ønskjer å høyra på. Eg er glad i å spela gamle slagerar, seier Lid og legg til at ho også har kjøpt sitt eige utstyr.

– Eg er klar for oppdrag om nokon ønskjer ein dj, seier ho og smiler.