Stian Dyngeland skåra for Lysekloster i dag, men det var ikkje nok til å sikra munkane tre viktige poeng.
Stian Dyngeland skåra for Lysekloster i dag, men det var ikkje nok til å sikra munkane tre viktige poeng.

Tok innpå eitt poeng

Serieleiar Brattvåg tapte overraskande borte mot Spjelkavik tidlegare i dag. Lysekloster fekk dermed høve til å ta innpå tre poeng, men det blei ikkje full pott borte mot Herd i dag.

Herd hadde ikkje tapt på to år på heimebane då Lysekloster kom på besøk i dag. Den rekkja held fram også etter at munkane har reist heim. Heimelaget tok leiinga ved Patrick Hjelmseth, eit mål som skal ha vore ei kanonkule frå 25 meter som suste inn i motsett hjørne. Leiinga til Herd varte berre to minutt. Lysekloster-spelar Stian Dyngeland kom åleine mot keeper fem minutt før pause og gjorde ingen feil.

Null mål etter pause

Ifølgje liveoppdatering frå kampen, var det Herd som var nærast å ta sigeren i andreomgang. Dei køyrde på mot slutten av kampen, men det blei med eitt poeng til kvart av laga. Lysekloster står med to sigrar, to uavgjorte og to tap etter sommarferien, og må betra poengsankinga for å ha håp om å rykkja opp. Men enn så lenge held Lysekloster følgje med Brattvåg, som heller ikkje har imponert etter pausen i sommar. Dei står med tre sigrar og tre tap på dei seks kampane. Neste kamp for Lysekloster går heime mot Aalesund 2 tysdag 19. september.