(
(

Tok mange fartssyndarar på Hatvikvegen

Utrykningspolitiet (UP) hadde torsdag kveld laserkontroll på Hatvikvegen. Der blei det delt ut fleire bøter.

– Utrykingspolitiet hadde laserkontroll i 50-sona på Hatvikvegen i 19-tida torsdag kveld. Der blei det ni reaksjonar på fart. Dei fekk eit forenkla førelegg. Høgaste fart var 73 km/t, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Då nærmar ein seg vel førarkortbeslag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det er nærme. Om vedkomande hadde køyrt i 76 km/t i 50-sona, ville det medført førarkortbeslag.

Fekk ferten av narkotika då døra gjekk opp

Samstundes som UP hadde kontroll på Hatvikvegen, var politiet i Os på vitjing til ei adresse i bygda.

– Vi var på ei adresse i samband med eit gjeremål. Vi fekk mistanke om narkotika, då døra blei opna. Det lukta hasj. Det førte til ransaking. Ein person i 30-åra er meldt for bruk og besittelse av marihuana. Det er snakk om mindre mengder. Han erkjenner forholdet og vil få eit førelegg, fortel Hadler-Olsen.