Toppkandidaten sa ja til å bli senterleiar på AMFI Os

– Vår kandidat på toppen av lista takka ja til stillinga, fortel Solveig Oksholm Hunhammer i ei pressemelding.

– Det er med glede at vi no kan fortelja at vi har tilsett ein ny senterleiar etter Silje Lygre på AMFI Os. Det var nesten 40 søkjarar til stillinga, og mange av dei godt kvalifiserte. Vår kandidat på toppen av lista, var Siri Ann Myhren Dalseide. Vi er difor godt nøgde med at ho har takka ja til stillinga – og vil starta 1. mars 2019, skriv Oksholm Hunhammer.

Vidare skriv Hunhammer at Myhren Dalseide kjem frå ei stilling som distriktsansvarleg i Mascot Høie AS. Den nye senterleiaren har budd i Os sidan 2004 og er handballtrenar på Nore Neset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er med litt vemod at vi må takka av Silje Lygre i slutten av januar, men det er med stor glede vi ønskjer Siri Ann Myhren Dalseide velkommen som ny senterleiar.