Ein eldre jeep har fått motorstopp ved Rema 1000.
Ein eldre jeep har fått motorstopp ved Rema 1000.

Trafikken står på Byvegen

Ein bil har fått motorstopp like ved Rema 1000 Kuven stasjon. Ein mann dirigerer trafikken forbi staden.

Rundt kl. 8.30 i dag fekk ein jeep motorstopp i Byvegen, mellom Rema 1000 og no nedlagde Isfisk. Ein mann - truleg han som har fått motorstopp - står på staden og dirigerer trafikken forbi. Det er likevel noko kø på staden, og då Os og Fusaposten var på staden stod denne ned til Jordmordsvingen.

Problemet løyst

Politiet kom til staden rundt kl 8.50. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet var raskt framme etter å ha fått melding, og no er det ikkje lenger trafikale problem på staden, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen til avisa kl 9.