Politiet melder om eit trafikkuhell i Lysefjorden.
Politiet melder om eit trafikkuhell i Lysefjorden.

Trafikkuhell i Eikelandsosen

Ein bil har køyrt i fjellveggen på FV 552 i Eikelandsosen, ifølgje Vest politidistrikt.

Tysdag ettermiddag melder Vest politidistrikt om eit trafikkuhell på FV 552 i Eikelandsosen på Twitter.

– Bil køyrt i fjellveggen. Ingen fastklemt, heiter det i meldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje BT var det fem personar i bilen.

- Ambulanse er på staden, vi veit ikkje om nokon vil bli køyrt til sjukehus enno. Alle personane er bevisste, og var komne seg ut av bilen før vi kom frem, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund til avisa.