Tre sperra Hatvikvegen

Eit tre måtte gje etter for vindkasta i Hatvikvegen i kveld.

I 20-tida i kveld meldte Vest politidistrikt på Twitter at eit tre var velta i Hatvikvegen i Os.

– Vegen er sperra. Ingen passasje, var beskjeden frå politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Passasjerar som kom med 20-ferja frå Fusa vart oppmoda om å køyra om Berge, og då Os og Fusaposten var på staden like før klokka 21, heldt ein på med oppryddingsarbeidet.

– Treet låg over straumleidningane. Vi må undersøkja om det er bevegelse i dei andre trea, men planen er å opna vegen snart, sa politibetjentane på staden.

Klokka 21.28 melder brannvesenet at dei er på veg til Hatvikvegen for å sjekka nokre tre som kan falla over vegen.

Politiet bed folk "køyra forsiktig og vera aktsam når ein bevegar seg ute".
Politiet bed folk "køyra forsiktig og vera aktsam når ein bevegar seg ute".