På brygga til høyre sat gutane då politiet kom.
På brygga til høyre sat gutane då politiet kom.

Tre unge gutar kosa seg med cider i hamna. Så kom politiet

– Ein kan drikka litt vin til maten ein sommardag i Frognerparken, men ein kan ikkje på ein liten stad som Os sitja og drikka offentleg, seier politioverbetjent, Anne Lyssand.

Fire unge gutar sat på kaien ved Esso-stasjonen torsdag. Tre av dei skal ha drukke cider.

– Om vi ikkje seier frå, så vil dette utvikla seg. Det er nok mange som meiner at det må vera heilt greitt å ta seg ein øl eller liknande på offentleg stad, men vi kan ikkje ha det slik på ein liten stad som Os, seier Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Var dei gamle nok til å nyta alkohol?

– Ja. To av dei er 19 år gamle. Sistemann er 18 år.

Dei tre fekk tilsnakk, og måtte kvitta seg med drikken.