Erik Kanestrøm skåra sitt sjette og sjuande seriemål mot Fyllingsdalen, men klarte ikkje gle seg all verda over det ettersom Os tapte kampen.
Erik Kanestrøm skåra sitt sjette og sjuande seriemål mot Fyllingsdalen, men klarte ikkje gle seg all verda over det ettersom Os tapte kampen.

Tredje tap på rad

Os A-lag tapte laurdag 4-2 borte mot Fyllingsdalen.

Osingane kom under alt etter ni minutt, men kom ajour like før pause då Erik Kanestrøm sette inn 1-1-målet på straffe.

I pausen kunne dei gul-svarte konstatera at dei hadde styrt store deler av omgangen, og at det absolutt var mogleg å ta poeng mot dei sterke lilla-trøyane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessverre var det nok ein gong Fyllingsdalen som fekk best start på omgangen. I det 58 minutt gjekk dei opp i leiinga 2-1.

– Fyllingsdalen var ikkje betre i banespelet, men dei var meir rutinerte og effektive i boksen. I tillegg gjer dei seg nytte av eit tjuvtriks eller to, og det kan av og til løna seg, seier Erik Kanestrøm.

Skal slå Sotra

I løpet av dei siste ti minuttane la Fyllingsdalen på til 3-1 og 4-1, før Erik Kanestrøm skåra sitt andre for dagen og fastsette sluttresultatet til 4-2.

– Det var mitt sjette og sjuande mål for sesongen. Kjekt at eg skårar, men nett no er eg berre irritert over at me ikkje har marginane med oss, og stadig tapar jamne kampar, seier kantspelaren.

Neste helg kjem serieleiar Sotra til Kuventræ.

– Då skal me vinna. Me startar førebuingane på måndag. Denne veka skal me trena steinhardt og gjera alt me kan for å reisa oss igjen. Det skal vera slutt på tapsrekkja vår no, seier Kanestrøm.

Etter seks kampar ligg Os på åttandeplass i 3. divisjonsavdelinga. Laget har sju poeng.