Politiet skal utføra manuell graving på Øvsttun gravplass i søket etter Trine Frantzen.
Politiet skal utføra manuell graving på Øvsttun gravplass i søket etter Trine Frantzen.

Trine Frantzen saka: Politiet skal utføra manuell graving over graver på Øvsttun gravplass

Resultatet av geoskanninga er at politiet skal utføra graving på gravplassen, men dei skal ikkje opna graver.

– Vi skal berøra dei som ligg i gravene. Vi skal ikkje så langt ned, og vil halda oss i jordlaget over, fortel politiinspektør, Tore Salvesen.

– Kor langt ned vil de søkja?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ønskjer eg ikkje å gå i detalj om.

Stor dekning i media

Salvesen stadfester at resultat frå geoskanninga gjer at dei ønskjer å utføra manuell graving. Han vil ikkje gå inn på tal stader på gravplassen som er aktuelle å sjå på.

– Vi har sett av eit par arbeidsdagar til dette, så får vi sjå om det er nok. Vi kjem til å starta på ei grav og så gjera ei ny vurdering om det er naudsynt.

– Saka har fått brei mediedekning. Om det no er slik at nokon har grave ned Trine Frantzen på gravplassen. Er de ikkje redde for at dei skal koma dykk i forkjøpet?

– Nei, det er vi ikkje bekymra for. Vi har sikra oss mot det, utan at eg kan gå inn på korleis, seier Salvesen.

Arbeidet startar onsdag 15. mai.