Trine Lindborg (Ap) vert ny ordførar i Bjørnafjorden kommune. Dermed er Frp/H-styret over, og Terje Søviknes vil fråtre som ordførar etter 20 år.
Trine Lindborg (Ap) vert ny ordførar i Bjørnafjorden kommune. Dermed er Frp/H-styret over, og Terje Søviknes vil fråtre som ordførar etter 20 år.

Trine Lindborg (Ap) vert ny ordførar i Bjørnafjorden kommune

No er det klart. Ap får ordføraren i den nye kommunen.

Forhandlingane starta allereie måndag i dei seine nattestimar på Bar(t). Tidlegare på kvelden hadde Ap og MDG vore samla, og utover kvelden fekk dei besøk av SV-delegasjonen, før Sp kom med siste ferja frå Fusa. 

Tirsdag ettermiddag vart dei siste poststemmene talde opp. Dei endra ikkje mandatfordelinga fordel Frp/H. Sidan då har det vore hektisk møteverksemd, og det skal ha vore samtalar mellom Frp, H og KrF, og Høgre skal også ha vore i samtalar med dagens opposisjon. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av jokerane har vore KrF og kva retning dei til slutt ville gå i. Dei gav på eit tidspunkt uttrykk for at dei kunne tenkt seg å sjå Høgre i ein fleirtalskoallisjon. Men no er det klart at Høgre ikkje vert med.

Trine Lindborg og Ap med sine åtte mandat får ordføraren. 

Ap (8), Sp (5), MDG (3), KrF (1) og SV (1) har tilsaman dei naudsynte 18 mandata. 

Dermed er ein 20 år lang æra over. Terje Søviknes må fråtre stillinga som ordførar, og Frp endar i opposisjon i lag med H.