Familien Breivik imponerte på Eikås i helga. Både Randi, Karoline og Kristoffer gjekk til topps i sine klasser. (Privat foto)
Familien Breivik imponerte på Eikås i helga. Både Randi, Karoline og Kristoffer gjekk til topps i sine klasser. (Privat foto)

Trippel Breivik-siger på Eikås

Tre blad Breivik vann sine klassar under 3. runde i Vestlandsmeisterskapen i rallycross laurdag.

Med mormor Randi i rally-teamet vart det tre pokalar til familien Breivik på Eikås motorsenter laurdag. Eldsteblad i gjengen debuterte som sjåfør denne sesongen, og har berre køyrt to konkurransar. Første gong vart ho nummer to. Denne gongen gjekk ho altså heilt til topps.

– Ho er heilt rå og har verkeleg talent for sporten, skryter barnebarn, Karoline Breivik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mormor Randi fekk pokalen sin for å ha vunne klassen for NRC nasjonal rallycross-klassen.

Leier samanlagt

Sjølv deltok Karoline, som ho har gjort dei siste åra, i supernasjonal klasse 4. Her køyrde ho jamt godt heile dagen og enda til slutt med siger. Dermed leier ho Vestlandsmeisterskapen før dei to siste rundane for sesongen.

– Eg hadde to konkurrentar framfor meg før denne runden. No gjeld det å halda plassen ut sesongen, seier ungjenta.

Neste VM-runde går 8. september. Også då på Eikås Motorsenter i Åsane.

Travelt for morfar

Kristian Breivik Gjøen gjorde helga komplett då han vann sin juniorklasse. Tre sigrar av tre moglege har familien aldri tidlegare innkassert.

– Det var veldig moro, og me gjer det gjerne igjen. Det einaste drawbacket er at det vert bra travelt for morfar (Håvard Gaaassand). Han er mekanikar og støttespelar for alle tre. Med tre bilar som skal haldast klare og fiksast på mellom heata, blir det rimeleg hektiske dagar, humrar Karoline.

Til helga køyrer ho NM-runde i Skeien. Sist runde vart ho nummer 22 av 26. Denne gongen har ho som mål å køyra seg inn blant dei 16 beste i innleiande rundar slik at ho får vera med i ein av finalane.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no