Politiet hadde fleire saker å hanskast med i helga.
Politiet hadde fleire saker å hanskast med i helga.

Tullekøyrde under øvekøyring

Ein 16-åring og hans leidsakar fekk kraftig irettesetting av politiet etter å ha tullekøyrd under øvekøyring i Hegglandsdalen.

Politiet i Os var ute og køyrde også natt til påskeaftan. Ein del personar var ute i sentrum, men det vert ikkje rappotert om noko form for bråk.

Skjærtorsdag ettermiddag fekk politiet i Os auge for ein bil med stor L bak som dreiv og køyrde svært vinglete i Hegglandsdalen. Bilen vart stoppa og dei to i bilen fekk klar melding om kva lovens lange arm syntes om slik køyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var altså ein 16-åring som dreiv og køyrde slalåm i høg fart. Slik skal ein ikkje om ein øvekøyrar eller har fått sertifikatet. Både leidsakaren og den unge som øvekøyrde fekk ein klar åtvaring, at om dei gjer noko slikt igjen så vert det reaksjon i form av bot og eventuelt anna, seier Sindre Hallem ved Os lensmannskontor.

Roa farten

Ein motorsyklist vart følgd av ein politibil i sivil torsdag ettermiddag. Episoden fann stad på Hatvikvegen.

– Føraren køyrde i starten ganske fort, men då me låg oss etter og byrja å måla farten, roa han seg kraftig ned. Kanskje ana han kva som var på gong, seier Sindre Hallem.

Motorsyklistens fart vart måla til 61 km/t i 50-sona, og føraren fekk følgeleg to prikkar på førarkortet samt ein bot på 3.800 kroner.