Turnjentene frå Nore Neset

Dei boltrar seg overalt der det er plass til ein salto. Sora Helen Borgen og Sofie Skulstad Størkson er turnjentene frå Nore Neset.

Nore Neset:

Med eit stort smil om munnen kjem dei med kvar si turnmadrass under armen. Sjetteklassingane Sora og Sofie er nok ein gong på veg for å turna i området ved Nore Neset skule. Denne gongen blir dei føld av eit kamera-team frå OsogFusaTV.

Artikkelen held fram under annonsen.

– De er vel ikkje uvande med litt filming vel?

– Jo, med mikrofonar og sånn så, ler jentene sjenert.

Som regel er dei både aktørar og regissørar sjølv.

– Me bruker å filma og leggja ut på Instagram, men dette blir litt anleis, seier jentene nervøst.

Men det går ikkje lange stundå før dei har gløymd kva dei var nervøse for.

«Omflakkande» liv

For turnglade menneske er det genialt å bu på Nore Neset. Sora og Sofia kan utfalda seg over alt.

– Etter at den nye leikeparken kom, har me vore ein del her. Det er morosamt å nytta dei innlagde trampolinane. Dessutan gjer me litt stunts på gummi-kulene og på slacklina, seier Sora, og demonstrerer.

– Ja, men best av alt er det jo at det er gummibelegg overalt her. Me treng ikkje vera så redde for å slå oss, smiler Sofie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har levd eit «omflakkande» liv etter at dei knekte flikk-flakk-koden for to år sidan.

– Me byrja så smått i lag med onkelen min, Erik. I starten var me mykje på Fysak i Bergen. Der er det ei stor madrass som er veldig grei å øva seg på. Etter kvart som me fekk det til, byrja me å prøva oss ute her heime på Nore Neset, fortel dei.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no