I heile vår skal elevane på 8. trinn ved Os ungdomsskule hjelpa til i jakta på unge utøvarar med talent eller lidenskap i Os og Fusa. Og dei er allereie godt i gang.
I heile vår skal elevane på 8. trinn ved Os ungdomsskule hjelpa til i jakta på unge utøvarar med talent eller lidenskap i Os og Fusa. Og dei er allereie godt i gang.

U18 Rein lidenskap: Hiv deg på Os & Fusapostens store ungdomssatsing

Har du eller nokon du kjenner under 18 år eit talent eller ein lidenskap utanom det vanlege? Då vil vil høyra frå deg! I potten ligg 10.000 kroner til bruk på din store lidenskap.

Fortel oss kva du brenn for! Bil & båt, gaming, fotball, dans, spinner, teater & scene, sjakk, stand up, cheerleading, måling og teikning. Er du lidenskapeleg oppteken av noko - kva som helst - vil vi gjerne koma i kontakt med deg.

Send oss ein epost på tv@osogfusa.no. Legg gjerne ved ein video av deg sjølv. Vi lagar stor reportasje med seks kandidatar på Os&FusaTV.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje er du den som stikk av med 10.000 kroner til bruk på din store lidenskap. PS: Fortel kva du vil bruka pengane på i presentasjonen av deg sjølv.

Samarbeid med skulen

- U18 - Rein lidenskap er Os & Fusaposten og Os&FusaTV si store ungdomssatsing dette året, og vi er svært glade for at vi også denne gongen har fått med oss elevane frå valfag media ved Os ungdomsskule, seier prosjektleiar for Os&FusaTV, Ole Reinert Berg-Olsen.

I heile vår skal elevane på 8. trinn jakta på unge utøvarar med talent eller lidenskap i Os og Fusa. Og dei er allereie godt i gang.

Bogekyttarar, songarar, dansarar - lista var lang etter berre nokre minutts brainstorming på skulen onsdag.

- Dette blir ei spanande jakt. Desse elevane har mange kontaktar. Eg trur det vil dukka opp utøvarar innan mange ulike felt. Det er mange som driv med litt uvanlege og spanande ting. Både i Os og Fusa er det heilt sikkert mange born og unge som har det lille ekstra, seier Sturle Lekven som er lærar for valfag media dette skuleåret.

Lærer mykje

Håkon Grindheim Koldal er ein av elevane som skal vera med og jakta på talent og lidenskap.

- Vi lærer mykje av å samarbeida med Os & Fusaposten. Det verkar utruleg spanande å blanda undervisning med eit «ekte» prosjekt, sier han.

Nicholas Drange Blålid trur det finst mykje talent og lidenskap i dei to kommunane våre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur det er fristande for mange å kunna vinna 10.000 kroner, men først og fremst er dette ein god moglegheit for å få visa fram det ein driv med, kanskje få litt blest om hobbyen sin og koma i kontakt med andre som driv med det same. Kanskje er det nokon som oppdagar talentet ditt også?

Elevane er alt blitt delte inn i grupper. Kvar gruppe skal hjelpa med å laga éin deltakarvideo. 25 namn på utøvarar er på blokka og skal fordelast.

Flying start

Med hjelpa frå elevane på ungdomsskulen i tillegg til alle som vonleg vil senda inn ein presentasjon på eiga hand, håpar prosjektleiar Berg-Olsen å få haugevis med bidrag å velja i når dei seks kandidatane til haustens store TV-reportasjar skal plukkast ut.

Redaktør Jostein Halland gler seg til å ta fatt på satsinga.

- Eg synest det er ekstra kjekt med prosjekt med og for ungdom. Eg er heilt sikker på at det finst svært mange ungdomar i Os og Fusa som har noko spanande dei brenn for. Vi er veldig klare for å heia utøvarane fram, kanskje bringa ungdom med same hobby saman og visa fram den breidda som måtte finnast i sjangrar og hobbyar, seier Halland.

Heile prosjektet vert finansiert med midlar frå Medietilsynet.