Natt til tysdag har det vore ubedne gjestar på terrassen til restauranten Havnechefen. Dagleg leiar Reidun Vasby, fortel at dei som har vore der, både har herja og stole.
Natt til tysdag har det vore ubedne gjestar på terrassen til restauranten Havnechefen. Dagleg leiar Reidun Vasby, fortel at dei som har vore der, både har herja og stole.

Ubedne takgjestar for andre gong

Natt til tysdag har nokon forsynt seg av drikkevarer og herja på terrassen til restauranten Havnechefen.

– Dei har klatra over gjerde ved porten for å koma seg inn, seier dagleg leiar, Reidun Vasby, og peikar på dei synlege fotavtrykka på gelenderet.

I baren ligg det ei flaske brennevin, glasskår og anna rot, og parasollen er velta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tappetårnet står her, og det er vanskeleg å vita om og kor mykje dei eventuelt har teke frå det. Det manglar brus og brennevin utanom, seier Vasby.

Ho hadde vore på jobb ei stund tysdag morgon før ho merka noko.

– Eg var borte hos Marianne på Os Blomsterservice då eg såg at det låg mykje papp og slikt på baksida av restauranten. Eg lurte på kva det kunne vera, så eg sjekka terrassen. Det var ikkje noko kjekt å koma opp her og sjå dette.

Flasker, glasskår og andre ting ligg slengt på takterrassen, i tillegg til at det låg rot på baksida av restauranten.
Flasker, glasskår og andre ting ligg slengt på takterrassen, i tillegg til at det låg rot på baksida av restauranten.

Vasby fann ei Fanta-flaske, som ho veit at høyrer til Havnechefen, på utsida av restauranten.

– Dei flaskene er litt spesielle. Det ser ut som at nokon har drukke av flaska og slengt han frå seg. Eg har snakka med politiet. Dei kjem her seinare i dag, og dei bad meg ta vare på flaska slik at dei kan undersøkja.

Alt er ikkje låst inne

Havnechefen opna i starten av mai i fjor. Det er ikkje første gong at nokon har klatra opp på terrassen etter stengjetid.

– Det har skjedd ein gong før, men dette tilfellet var verre. Eg valte å ikkje melda det sist, men denne gongen tok eg kontakt med politiet. Det er litt fordi dei også hadde vore utanfor Os Blomsterservice og teke med seg gorillaen der, seier Vasby.

På terrassen var det nokre skap som fekk stå i fred. Dei var låste.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har ikkje lagringsplass til alt saman. Difor er ikkje alt låst inne. Vi blei lovd innebygd lagring då vi flytta inn. Eg er i dialog med kommunen, fortel Vasby, som legg til at det nok må gjerast noko med høva for å koma seg opp på terrassen.

– Det er nesten ikkje vits med lås på døra på toppen om ein berre kan klatra over gelenderet på sida, seier ho.

Hærverket må ha funnen stad mellom klokka 24.00 måndag og tysdag morgon.

– Det var nokon her og vaska fram til klokka 24. Eg kom på jobb klokka halv åtte i dag tidleg. Dette må ha skjedd ein gong i det tidsrommet, seier Vasby.