annonse

UKM: Desse skal representera Os og Fusa i fylkesfinalen

Gjekk vidare
Gjekk vidare: Pernille Wensel er berre 16 år, men står fjellstøtt åleine på scena. (Foto: )

Sjå heile lista over talentfulle ungdomar som er vidare til fylkesfinalen etter UKM i Fusa laurdag.

Jostein Halland

Heile 14 ungdomar hadde bidrag med i kunst-utstillinga. Her valde juryen å senda fem verk vidare til fylkesfestivalen:

Fusa: Gjøa Holmefjord (16) - «Kan du sjå meg no?» - foto

Fusa: Zofia Konieczka (16) - «Mystery Shack» - trearbeid

Os: Sophie Louise Lind (17) - Sjølvportrett - teikning

Os: Erika Maria K. Andersen (17) - Krukke med drage - keramikk

Os: Lilly Grønvigh (18) - «Star Roving» - bilete i akryl

Den humørfyllte kortfilmen «Lord sir tries Ikea» gjekk vidare til fylkesfestivalen med Emil Griffiths (17) i hovudrolla. Filmen hadde han laga saman med Marie Steinum (18).

Allsidig musikk og dans

Frå sceneprogrammet valde juryen å senda vidare desse innslaga:

Fusa: Blooming Bruises - «Simple Minds» - rock (Benjamin S. Austestad (18), Einar Andersen (18), Håkon Markhus (18), Jørgen Hovden (17 år), Susanna Kristensen (16), Tobias Rysjedal (18)

Fusa: Miriam og Sofie Sundfjord - pop (Miriam (18) og Sofie (16))

Fusa: Amara G - dans (Malena Øpstad Offerdal (16), Oliwia Sakowska 18, Zofia Konieczka (16))

Fusa: Z & F - «Girls,Girls,Boys» - pop (Frida Solheim (17) og Zofia Konieczka (16))

Os: Pernille Wensel (16) - «I’ll be strong» - pop

Os: Revers - «Do I wanna know» - rock (Agathe Nordvik (16), Johanne Svanevik (16), Leona Jespersen (17), Silje Marie Nilsen (17))

Os: Kristina Andreasson Dale (16) - You raise me up - pop

Os: Joakim Austrått Kristensen (17) «To loves end»/ «I’am already gone» - dans/ pop

I tillegg vart Pernille Wensel og bandet Revers som er Bergens-basert, send vidare.

- Juryen valde å senda dei vidare på Os kommune sin kvote, vert det opplyst på Fusa kommune sine heimesider.

Natasja Smørholm (18) vart saman med Tuva Baggen og Lilly Grønvigh vald ut til å vera med i arrangørstaben for fylkesmønstringa som vert i Oseana kunst- og kultursenter helga 5.-7. april, då i regi av Hordaland fylkeskommune.

Juryen i Fusa bestod i år av Stine Kobbeltvedt, Bo Mathys og Morten Holmefjord.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut