annonse

Ulukka på E39: Vegen er opna att

Open
Open: E39 er open att etter ulukka fredag.

E39 er no open etter dødsulukka fredag føremiddag.

  • Karoline Forselius

Det var like etter klokka 09.00 at meldinga om ein frontkollisjon mellom buss og personbil kom frå brannvesenet på Twitter.

Starta umiddelbar frigjering

Først vart ulukka betegna som ei alvorleg ulukke, og luftambulansen rykka ut. Brannvesenet starta umiddelbart med frigjering av føraren av personbilen, som sat fastklemt og var medvitslaus. Klokka 09.36 melde naudetatane at føraren av personbilen, ei kvinne, var erklært omkommen på staden.

Bussjåføren og dei tre passasjerane i rutebussen som kom frå Bergen var uskadde, og vart frakta til legevakta i Os for ein sjekk. Kommunen har også oppretta eit kriseteam for vitne og råka i sitt beredskapssenter på Moberg.

– Fullstendig kaos

Ulukka førte til lange køar og kaos på omkøyringsvegen over Fanafjellet. Etter kvart kom Statens vegvesen til krysset mellom Ole Bullsveg og Fanavegen for å dirigera trafikken.

– Etter krysset ved Langedalen var det bom stopp, og eg har brukt 45 minutt frå Tøsdalskiftet inn til krysset ved Lysekloster. Det går treigt på dei smale vegane, fortalde Tarjei Lyssand, som måtte køyra over fjellet og rundt for å levera post til Søfteland i dag.

karfors88@gmail.com

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut