Her skal ulukka ha skjedd måndag.
Her skal ulukka ha skjedd måndag.

Ulukka på Moberg måndag: – At det berre blei materielle skader, er flaks

Tre bilar var involverte i ei trafikkulukke måndag. Sissel Becker i Os-politiet seier at ulukka på motorvegen fort kunne fått heilt andre konsekvensar enn ho gjorde.

– Det blei skrive måndag at det var ei front-mot-front-ulukke. Det er ikkje tilfelle, seier politioverbetjent, Sissel Becker og held fram:

– Ulukka skjedde i samband med flettefeltet på Moberg rett ved tunnelen. Det var ein bil som skulle inn på motorvegen, noko som førte til at ein bil som kom same veg la seg ut, og sneia bilen som kom imot. Tre bilar og totalt seks menneske var involverte i ulukka. Det ser ut til å ha gått bra med alle. At det berre er materielle skader og sneiing av bilar ein står att med etter ei ulukke på motorvegen, er flaks. Det kunne fort gått mykje verre, seier Becker.