(
(

Ung jente hylte og skreik då ho fekk bot på bussen

Ei jente i tenåra skal ha vore på bussen utan billett, og blei ferska av vekterane.

– Det var kontroll på ein buss i Os måndag kveld. Ei jente på 19 år blei stoppa. Ho hadde ikkje billett og blei fortvila då vektarane stoppa ho. Ho hylte og skreik til dei, slik at politiet blei tilkalla, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Hendinga fann stad i busslomma ved AMFI Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet rykte ut og mekla. Jenta blei orientert om at ho kan søkja NAV om økonomisk stønad. Ho hadde ikkje pengar til å gjera opp for seg. Dette er ikkje lenger ei politisak, seier Lyssand.