Både politi, ambulanse og luftambulanse kom til staden kort tid etter ulukke på Fusa i dag tidleg.
Både politi, ambulanse og luftambulanse kom til staden kort tid etter ulukke på Fusa i dag tidleg.

Ung mann henta med luftambulanse

Ein ung mann vart henta med luftambulanse etter ei motorsykkel-ulukke på Fusa onsdag morgon.

Mannen, som er i slutten av tenåra, mista kontrollen på sin lette motorsykkel på veg ned Fusabrekko. Resultatet var at han braste i autovernet.

Ulykka vart meldt til politiet like før klokka halv åtte onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje klart for oss kvifor mannen kolliderte med autovernet, men vil etterforska saka, seier politibetjent ved Fusa og Tysnes lensmannskontor, Kjartan Svendsen.

Godt forslått

Både politi, ambulanse og luftambulanse kom til staden kort tid etter. Mannen vart deretter frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

– Mannen var medviten då han vart frakta vekk men han var nok godt forslått og trong å bli sjekka ut for skadar på sjukehuset, seier politibetjent Svendsen.

Han nyttar også høve til å skryta av dei som kom først til skadestaden.

– Det var jamnaldre vener og bekjente av den skadde, samt eit par andre bilistar. Dei gjorde alt rett. Tok seg av den skadde og dirigerte trafikken fint utanom skadeplassen, fortel Svendsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no