Politioverbetjent Anne Lyssand bed gjester som var på spisestaden samstundes med ungdomane, og som har opplysningar om kven dei er, om å ta kontakt med politiet.
Politioverbetjent Anne Lyssand bed gjester som var på spisestaden samstundes med ungdomane, og som har opplysningar om kven dei er, om å ta kontakt med politiet.

– Ungdommar stakk frå rekninga

Torsdag kveld var seks gutar i alderen 14 til 16 år på ein spisestad i Os sentrum og åt. Men ifølgje politiet gjorde dei ikkje opp for seg før dei gjekk.

Det fortel politioverbetjent ved Os lensmannkontor, Anne Lyssand, til Os og Fusaposten fredag morgon.

Hendinga fann stad i 19.30-tida, og politiet ønskjer å koma i kontakt med andre gjester som kan ha opplysningar om kven ungdomane er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gutane stakk frå rekninga. Vi har òg fått opplysningar om at dei delte ut godteri, så det er mogleg at det kan ha vore stole frå ein butikk før dei kom til spisestaden. Politiet vil veldig gjerne vita kven desse gutane er, seier Lyssand.

GHB

Vidare påtraff patruljen ein mann i 30-åra i Os sentrum som etter alle solemerkje hadde med seg GHB.

– Vi kan ikkje seia med 100 prosent sikkerheit at det er GHB, men det er ting som tyder veldig på det, opplyser politiet.

Då klokka akkurat hadde passert 22, fekk ein bil problem med å koma seg vidare nord for Os sentrum. Politiet var på staden og dirigerte trafikken heilt til bilbergar var på plass. Ein lastebil med skiltet i frontruta fekk også beskjed frå patruljen om å retta opp feilen.

Kalvar på veg til Stord

Klokka 08.36 i dag tidleg fekk politiet melding om seks kalvar på ferjekaien på Halhjem.

– Kalvane vart observerte nede blant bilane. Bonden vart varsla, og kalvane vart teken hand om, fortel Lyssand.

camilla.kvamme@osogfusa.no