Os kommune unngjekk å bruka tid og ressursar på ein rettsleg prosess i kunstsaka. (Arkiv
Os kommune unngjekk å bruka tid og ressursar på ein rettsleg prosess i kunstsaka. (Arkiv

Unngjekk at kunstsak hamna i retten

Denne veka skulle Os kommune og Johan Ludwig Mowinckel Reksten ha møttest i retten for å få klarlagt kven som har eigedomsretten til kunst frå Moldegaard.

Etter krigen mottok Os kommune fleire kunstverk og gjenstandar frå godset på Moldegaard. Os kommune har alltid trudd at det dreidde seg om gåver, medan representantar frå familien Mowinckel Reksten har hevda at det var å sjå som midlertidig oppbevaring.

Fann ikkje gamal kontrakt

I fjor stemna Johan Ludwig Mowinckel Reksten kommunen for å få kunsten tilbake, og Os kommune hyrte inn advokat på si side. Samtidig vart eit iherdig kommunalt søkearbeid lagt ned, for å finna gamal dokumentasjon på at det dreidde seg om gåver.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Noko heilt eintydig dokumentasjon på dette har vore uråd å oppdriva, seier ordførar Terje Søviknes.

Kunstverka

Førre veke vart det difor inngått forlik mellom partane, like før fristen gjekk ut, og partane skulle møtast i tingretten. Forliket gjev Os kommune eigedomsretten til to viktige kunstverk, samt ein del gjenstandar av bygdehistorisk interesse (t.d. sledar).

Kunstverka er «Landligge i Lofoten» av Gunnar Berg, samt «Kanefart» av Aksel Ender. Johan Reksten får tilbake dei resterande måleria («Fra Geirangerfjorden», «Bergen sett fra byfjorden» og «Landskap sett fra Dalsland»), samt ei messingklokke og eit hjørneskap som står på Luranetunet.

Grieg trødde til

For dette må Os kommune ut med kr 625.000. Grieg Foundation tek imidlertid halvparten av denne kostnaden, noko ordføraren sjølvsagt er veldig glad for.

- Nok ein gong kjem Per Grieg lokal kunst og kultur til redning. På denne måten får me sikra to av dei viktigaste maleria. Mange i Os har eit forhold til dei, etter som dei har hengt i kommunale institusjonar i mange år. Samla er dei taksert til ein verdi på mellom 2 og 3 mill. kroner, seier Søviknes.

Han vonar at kunstverka snart kan stillast ut for ålmenta i kunstgalleriet på Oseana. Som del av forliket skal det stå skilta på ei eventuell utstilling at familien Mowcinkel Reksten har vore bidragsytar til utstillinga.