(
(

UP med laserkontroll: Mange fartsbrot i Hegglandsdalen

Utrykningspolitiet (UP) fekk mykje å gjera då dei stilte seg opp med laser på Hegglandsdalsvegen søndag ettermiddag. Éin mista lappen.

I ein e-post til Os & Fusaposten, skriv politioverbetjent Rune Fimreite at UP sin laserkontroll førte til eit førarkortbeslag.

– UP hadde laserkontroll i 50-sona. Ein MC blei tatt i 84 km/t, noko som medfører førarkortbeslag. Det blei også skrive ni forenkla førelegg og høgaste fart blant dei var 68 km/t, skriv Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natt til søndag på Nore Neset kom politiet over eit parkert køyretøy og fatta mistanke om hasjbruk.

– Ein mann i 20-åra med tilknyting til køyretøyet er meldt, skriv Fimreite.

Utrykningspolitiet hadde også kontroll i Hegglandsdalen i juni. Også då blei det travelt: http://www.osogfusa.no/nyhende/koyrde-i-86-km-t-i-50-sona-1.2330731