annonse

Urframføring og sterke kjensler i sving under årets moteshow

Sterke kjensler
Sterke kjensler: Årets moteshow går av stabelen i Tunet kyrkje- og kultursenter i morgon. - I år har vi sett fokus på Rosa sløyfe-aksjonen, og det blir sterke kjensler under tysdagens program. Det minnar oss på at sorger og gleder går hand i hand, seier Tove Tvedt Skarstein. (Foto: Arkiv)

Årets moteshow i Kløvertun vil ha ekstra fokus på Rosa sløyfe-aksjonen. I tillegg er det duka for ei urframføring med Bente Bratlund og Anne Lise Gjøstøl.

Jostein Halland

Årets moteshow går av stabelen i Tunet kyrkje- og kultursenter i morgon. Madam Ane er som vanleg arrangør i lag med fleire av sentrumsbutikkane.

- I år har vi sett fokus på Rosa sløyfe-aksjonen, og det blir sterke kjensler under kveldens program. Det minnar oss på at sorger og gleder går hand i hand, seier Tove Tvedt Skarstein.

Merete Blindheim som har hatt brystkreft og gjennomgått behandlingar, vil ta tilhøyrarane med på si reise på godt og vondt.

Kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson kjem for å fortelja om tilboda som finst for kreftpasientar og pårørande i Os saman med Eirik Søfteland som mista mor si Astri då han var ungdom.

Brystkreftforeningen vil og ha stand ute i foajeen med informasjon og sal av Rosa sløyfe-produkt.

Årets moteshow byr også på resultatet av eit samarbeid med Bente Bratlund og artist og målar Anne Lise Gjøstøl.

- Dei har hatt ønske om å gjera noko saman. Eg oppfordra dei til å ha nokre smakebitar klare til haustens moteshow. Gjennom vinteren og våren har desse to flotte damene jobba med Bente sine tekstar og Anne Lise har sett musikk til, og i kveld vert det urframføring, fortel Tvedt Skarstein.

På programmet står også presentasjon av Osroso-strikken som tidlegare varaordførar Laila Reiertsen har gått i bresjen for.

Hans Marius Johnsen stiller med ei musikalsk overrasking, og tradisjonen tru er Geir Magne Johnsen Moberg konferansier.

Tove Tvedt Skarstein nyttar samstundes høvet til å minna om kommunens innsamling av brukte bh´ar.

- Responsen så langt har vore formidabel, men det er behov for mange fleire, så vi oppfordrar folk til å ta med, eller som enkelte kundar har gjort, kasta bh´en i prøverommet for ei god sak, smiler Tvedt Skarstein.

Overskotet frå moteshow-kvelden vil gå til Rosa sløyfe-aksjonen.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut