Det var ordførar Marte Mjøs Persen og idrettsbyråd Pål Hafstad Thorsen som stod for den velfortente heideren av OL-heltane frå Fana idrettslag.
Det var ordførar Marte Mjøs Persen og idrettsbyråd Pål Hafstad Thorsen som stod for den velfortente heideren av OL-heltane frå Fana idrettslag.

Utnemnd til æresmedlemar i Fana idrettslag

Skøyteheltane Sverre, Håvard og Sindre vart høgtideleg heidra av Bergen kommune onsdag.

Det var ordførar Marte Mjøs Persen og idrettsbyråd Pål Hafstad Thorsen som stod for den velfortente heideren av OL-heltane frå Fana idrettslag. Bakgrunnen var sjølvsagt dei fantastiske resultata under OL i Pyeongchang. Mottakinga fann stad i Schøtstuene.

Sverre Lunde Pedersen, Håvard Holmefjord Lorentzen og Sindre Henriksen er no alle æresmedlemar i Fana idrettslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Stolt og kry av å bli utnevnt til æresmedlem i Fana Idrettslag saman med Håvard og Sindre! Tusen takk for fin hyllest, Bergen kommune, kommenterer Sverre på Facebook.

jostein@osogfusa.no