Politiet i Fusa har fått fleire meldingar om kryss på hus og også bilar som har vore inne på tunet til folk nattestid. Dette gjeld både i Fusa, på Tysnes og i Ølve, opplyser lensmann Ove Ivarhus.
Politiet i Fusa har fått fleire meldingar om kryss på hus og også bilar som har vore inne på tunet til folk nattestid. Dette gjeld både i Fusa, på Tysnes og i Ølve, opplyser lensmann Ove Ivarhus.

Uvedkomande merkar hus med kryss

Politiet i Fusa får stadig meldingar om folk som finn mistenkjelege kryss på husa sine.

- Me har fått fleire meldingar om kryss på hus og også bilar som har vore inne på tunet til folk nattestid. Dette gjeld både i Fusa, på Tysnes og i Ølve, opplyser lensmann Ove Ivarhus.

Han oppmodar folk om å vera ekstra merksame og melda frå om dei oppever noko slikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det same gjeld for båtmotorar. Hausten er «høgtid» for tjuveri av påhengsmotorar, og politiet bed folk vera ekstra vakne.

Brøyteskjer

Politiet i Fusa har også fått melding om tjuveri av eit brøyteskjer frå ein traktor som stod på ein skogsveg i Holmefjord-området. Tjuveriet kan ha funne stad på seinsommaren ein gong.

- Me er svært interesserte i tips om det er nokon som veit noko om dette, seier Ivarhus.

jostein@osogfusa.no