Ein mann utan førarkort køyrde i ein lyktestolpe på Søfteland søndag.
Ein mann utan førarkort køyrde i ein lyktestolpe på Søfteland søndag.

Uvisst kvifor mannen stakk av

Politiet opplyser at det ikkje er første gongen mannen har vore involvert i trafikkuhell. Han vil bli avhøyrt i løpet av veka.

Etterulukka på Søfteland søndag ettermiddag, var leitemannskap lenge ute og søkte etter bilføraren som hadde stukke av frå staden. Frykta var at mannen var skadd.

– Det viste seg at mannen bevisst heldt seg unna politiet. Rundt kl. 22 vart me kontakta av vener av mannen, som kunne fortelja at han var oppegåande. Søket vart dermed avslutta, fortel Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veit de kvifor mannen stakk av?

– Det er uvisst. Me har ikkje fått snakka med mannen enno. No når den akutte fasen der fokuset er å redda liv, er over, tilpassar me avhøyr med timeplanen vår elles, seier politioverbetjenten.

Ikkje første gong

Hadler-Olsen seier at dei kjenner til at mannen ikkje har gyldig førarkort.

– Tyder det at dette er ein kjenning av politiet?

– Det omgrepet er me forsiktige med, men det er ikkje første gongen mannen er i søkelyset pga. trafikale forhold. Det er ein årsak til at han ikkje har førarkort, seier Hadler-Olsen.

ol@osogfusa.no