Frank Aarebrot var aldri vanskeleg å be - uansett kor travel han var, og uansett kven som ringde. Han hadde inngåande kunnskap på svært mange felt, og evna å leggja dette fram på ein måte som fenga svært mange.

Uvurderlege bidrag - også til lokalavisa

Frank Aarebrot gjekk bort i natt, 70 år gamal. Aarebrot var ein svært kunnskapsrik mann som evna å formidla sjølv dei mest kompliserte saker på ein lettfatteleg og interessant måte. Dette har også lokalavisa fått nyta godt av ved fleire høve - sist i dokumentarsatsinga Typisk Os, der professorens bidrag var heilt uvurderleg.

Frank Aarebrot var aldri vanskeleg å be - uansett kor travel han var, og uansett kven som ringde. Han hadde inngåande kunnskap på svært mange felt, og evna å leggja dette fram på ein måte som fenga svært mange.

Sist me i lokalavisa var så heldige å få jobba med han, var i innspelinga av dokumentaren Typisk Os, der han baud både på historiske skildringar av Os, sine analysar av bygda vår slik den er i dag, og også, i kjend Aarebrot-stil, gav tydeleg uttrykk for sine meiningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då me filma med Aarebrot, henta me han på Haukeland der han hadde vore til rutinesjekk. I bilen på veg til Os, ringde telefonen i eitt sett. Unge VG-journalistar ringde etter fakta om den amerikanske presidenten, NRK om valet, BT ville ha han opp på Nygårdhøyden for å visa han at ein berømt gatekunstnar hadde måla eit portrett av han natta før. Og kona hans ringde om noko ho trengde å få handla inn til 17. mai.

Aarebrot var like hyggjeleg og grundig med alle, inkludert våre utsende i bilen. Professoren visste at vi skulle snakka om Os og allereie på veg ut av parkeringshuset på Haukeland var me midtveges i Osbanens historie. Me filma heile vegen, for ikkje å gå glipp av noko.

Plutseleg vart Os meir interessant. Historia - heilt frå fanakongane til Christian Michelsen - blei meir levande i måten Aarebrot formidla det på.

Filmsnutten filma frå Bergen til Os, viser på mange måtar korleis Aarebrot var - og kor genuint engasjert han var, korleis han tok seg tid til dei som ville ha hans innspel, og hans omsyn til studentane sine, som hadde eksamen den dagen me filma.

Engasjementet, kunnskapen og formidlingsevna vil ein også sjå det i dei vidare episodane av Typisk Os, som etter professorens bortgang er utsett noko (episode 2 skulle ha kome i dag).