Fleire gonger har Dyrdal snakka i media om at vald i private lag er eit problem i Os, men det har ikkje hjelpt stort.
Fleire gonger har Dyrdal snakka i media om at vald i private lag er eit problem i Os, men det har ikkje hjelpt stort.

Vald i samband med privat fest: – Det held fram med å vera eit problem i Os

Fleire gonger har lensmann Oddbjørn Dyrdal snakka om politiet sine mange oppdrag relatert til vald i private lag, men det ser ikkje ut til å ha noko effekt på osingane.

– Det held fram med å vera eit problem i Os. Vi har stadig ein del utfordringar med vald i private lag. Vi skulle gjerne ha vore meir inne og førebyggja der, men det er ikkje heilt enkelt.

Det var natt til laurdag at politiet blei tilkalla til ein fest i nærleiken av Os sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blei meldt om for høg musikk. Ein mann i 20-åra forulempa patruljen, og blir meldt for både det og ordensforstyrring.

Skubba til betjenten

Sist Os & Fusaposten snakka med lensmannen om problemet, sa han at private selskap er meint å vera hyggjelege og at ein då bør halda seg for god til å utøva vald. I dette tilfellet blei det utøvd vald mot politiet, i form av at ein av betjentane skal ha blitt skubba til.