I dag er det seks lokale i Os og seks lokale i Fusa der du kan avgje di røyst. Din valkrins står på valkortet ditt, men du kan røysta ved alle krinsane i din kommune.
I dag er det seks lokale i Os og seks lokale i Fusa der du kan avgje di røyst. Din valkrins står på valkortet ditt, men du kan røysta ved alle krinsane i din kommune.

Valdagen er her - her er «alt» du treng å vita

Treng du valkortet når du skal stemma? Kvar er stemmelokala og når stengjer dei?

I dag er det seks lokale i Os og seks lokale i Fusa der du kan avgje di røyst. Din valkrins står på valkortet ditt, men du kan røysta ved alle krinsane i din kommune.

Vallokale Os:

Os ungdomsskule, kantina

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster barneskule, foaje Søfteland barneskule, gymsalen

Lunde barneskule, gymsalen

Nore Neset akvitietshus, Symrasalen

Os idrettshall

Røystelokala i Os er opne frå klokka 10.00 til 21.00.

Vallokale Fusa:

Nore Fusa, Nore Fusa skule

Eikelandsosen, Eikelandsfjorden samfunnshus

Fusa, Fusa samfunnshus

Artikkelen held fram under annonsen.

Strandvik, Strandvik Montessoriskule

Hålandsdal, Hålandsdalen Montessoriskule

Søre Fusa, Søre Fusa skule

Røystelokala i Fusa er opne frå kl 13 til 19. I Eikelandsosen opna lokalet kl 10.

Valkort

På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruka på valdagen.

Det er ikkje nødvendig å ha med seg valkortet for å stemma, men det forenklar arbeidet for dei som tar imot stemma di dersom du har valkortet med deg, opplyser kommunane på sine heimesider. Det går også raskare for deg å stemme om du har valkortet med deg.

Har du ikkje fått valkortet i posten eller har mista det, kan du altså likevel møta opp i vallokalet for å stemma, men hugs legitimasjon.

Legitimasjon sikrar at ein veljar står bak ei stemme. Legitimasjonen er gyldig om den inneheld følgjande: Namn, fødselsdato og bilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gyldig legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort eller bankkort med bilete. Det kan også vere andre typar kort, men då må namn, fødselsdato og bilete framkoma.

Veljarar som oppheld seg på institusjon, slik som sjukeheim, sjukehus og liknande, kan få identiteten sin stadfesta av ein tilsett ved institusjonen, opplyser kommunane.

jostein@osogfusa.no