Haakon Holte Bruland seglar for NATO i Operasjon Sea Guardian. I desse dagar er dei i Middelhavet.  - Arbeidsoppgåvene mine om bord varierer frå røykdykkar, båtførar og navigasjonsassistent til fortøyingsleiar og dagleg vedlikehald,fortel 20-åringen.

Valde Sjøforsvaret for å utfordra seg sjølv

Osingen Haakon Holte Bruland (20) har delteke på øvingar med amerikanske hangarskipsgrupper utenfor Orkenøyene, patruljert Nordsjøen og Østersjøen, møtt kinesiske fartøysgrupper og monitorert russiske U-båtar og overflatefartøy.

Holte Bruland seglar for NATO i Operasjon Sea Guardian. I desse dagar er dei i Middelhavet.

- Arbeidsoppgåvene mine om bord varierer frå røykdykkar, båtførar og navigasjonsassistent til fortøyingsleiar og dagleg vedlikehald,fortel 20-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjevande

Målet med tida i Sjøforsvaret er å få utfordra seg sjølv og testa ut ein spanande og variert utdanningsplass, i følgje osingen.

- Så langt har det overgått mine forventningar på både godt og vondt, seier Holte Bruland og held fram:

- Det mest gjevende med arbeidsplassen er menneska eg jobbar med. Når ein jobbar tett saman med så mange over lengre tid, blir ein fort veldig gode kameratar med kollegaane sine og ein får venskap som varer livet ut. No som vi er i SNMG (Standing Nato Maritime Group 1) med utanlandske fartøy får vi også høvet til å bli kjend med utenlandsk marinemannskap.

Haakon i aksjon under ein såkalt RAS (replenishment at sea), etterforsyning til sjøs der slangen med drivstoff kjem frå ein tysk tankbåt. Dette er ein av dei farlegaste operasjonane om bord i fredstid. Haakon til høgre.

Haakon tenestegjer om bord på flaggskipet (kommandoskipet) i SNMG1. Det er Noreg som leier styrken i 2017.
Haakon tenestegjer om bord på flaggskipet (kommandoskipet) i SNMG1. Det er Noreg som leier styrken i 2017.

20-åringen vedgår samstundes at nett det som er det mest gjevande også er noko av det mest utfordrande, for:

- Uansett kor god kompis du er med nokon, blir du til slutt lei av dei same trøytte tryna etter ein månad på havet...

Stadige nye hamner

Noko av det mindre kjekke med SNMG er at det er lange arbeidsdagar over lengre periodar, dog med eit par dagar fri i mellom tokta.

- Det blir fort slitsamt når vi skal segla så lenge som vi gjer no, seier Holte Bruland.

På den andre sida får osingen segla til stadig nye stader, og får sjå kysten og hamnene i land han aldri før har vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Akkurat det gjer det verdt å leggja ned den ekstra innsatsen når vi er ute på sjøen.

Flaggskipet

Haakon tenestegjer om bord på flaggskipet (kommandoskipet) i SNMG1. Det er Noreg som leier styrken i 2017.

Oppgåva med å følgja med på fartøy som ikkje kjem fra NATO-land er ei rutineoppgåve for NATOs ståande marinestyrkar.

- Ellers deltek vi på øvingar saman med andre nasjonar når vi har høve til det, fortel Rune Haarstad på KNM Otto Sverdrup.

I tillegg til «Sverdrup» har SNMG1 på det meste åtte overflatefartøy, med over ellevehundre mannskapar fra 11 NATO-land.

«Otto Sverdrup» har vore mykje av tida i Østersjøen.

- Østersjøen er et viktig område for NATO. I tillegg til Russland grensar seks NATO-nasjonar til Østersjøen, samt samarbeidspartnarar som Finland og Sverige, fortel Haarstad.

No er styrken nede i Middelhavet og støttar Operasjon Sea Guardian som er ein NATO-operasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Operation Sea Guardian er ein maritim tryggleiksoperasjon med mål om å etablerea eit samarbeid med Middelhavslanda, for å oppretthalda frie og trygge handelsvegar og sikker sjøfart.

jostein@osogfusa.no