Politiet har fått inn tips om at det er nokon som har planlagt å ta hemn etter hendinga i Hegglandsdalen.
Politiet har fått inn tips om at det er nokon som har planlagt å ta hemn etter hendinga i Hegglandsdalen.

Valdssaka i Hegglandsdalen: – Guten ligg framleis på sjukehuset

Natt til søndag skal ein 17-år gamal gut ha blitt slått ned av ein 18-åring på eit russearrangement i ungdomshuset i Hegglandsdalen. – Vi har danna oss eit godt bilete av kva som har skjedd, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet har gjennomført fleire vitneavhøyr i saka, og held fram med etterforskinga i dag.

– Vi er ikkje der at vi kan uttala oss særleg om saka. Vi har som sagt danna oss eit bilete. Guten ligg på sjukehuset framleis, og mistenkte har erkjent forholdet, seier Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva har han erkjent?

– Det kan eg ikkje uttala meg om no.

– Kva er strafferamma i ei sak som dette?

– Det kjem an på skaden og kor alvorleg saka er, om det er snakk om kroppskrenking eller kroppsskade. Det er ulike strafferammer, seier Hadler-Olsen.

Tips om hemnaksjon

Politiet har fått inn tips om at det er nokon som har planlagt å ta hemn.

– Vi har fått opplysningar som går på ein planlagt hemnaksjon. Det vil vi åtvara mot og rå i frå på det sterkaste. Politiet jobbar med saka og vi ønskjer ikkje innblanding. Ein bør ikkje eskalera situasjonen ytterlegare, seier Hadler-Olsen.

– Os & Fusaposten har fått opplysningar om at vaktene på staden var veldig unge, og at ungdom under 18 år drakk. Kva kan de seia om det?

– Om det var ungdom under 18 år som drakk på arrangementet, veit eg ikkje, men det var ungdom under 18 år på staden som var rusa, seier Hadler-Olsen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kven som var vakt kan eg ikkje uttala meg om. Kriteria for å vera vakt på eit arrangement som dette, er at ein er myndig og edru.