Når nærheit mellom folket og dei som styrer blir borte, viser erfaring at folket sitt engasjement blir svekka. Hovudsakleg fordi dei som styrer ignorerer folket, skriv Margun Yndestad Samnøy (Sp).
Når nærheit mellom folket og dei som styrer blir borte, viser erfaring at folket sitt engasjement blir svekka. Hovudsakleg fordi dei som styrer ignorerer folket, skriv Margun Yndestad Samnøy (Sp).

Valet 2017 - Eit distriktsopprør

Når statsminister Erna Solberg bevisst forsøkjer å ignorera protesten frå distrikta, så gløymer ho at det er blitt hytta med nevar i sjukehuskorridorar, på lensmannskontor, i fjøs, på fiskeskøyter og på lærarrom, skriv Margunn Y. Samnøy (Sp).

Allereie i den første partileiardebatten valnatta, tilbakeviste Erna Solberg at valresultatet var eit distriktsopprør. Ho uttalte at det heile var ein myte og sa: ”Det er ikkje mulig å seia at regjeringspartia har gått tilbake i distrikta”. ”Det er berre Senterpartiet og Arbeidarpartiet som har byta veljarar”, la ho til.

Denne påstanden var ho krystallklar på. Men når alle kommunars valresultat no er kjent, viser stemmene frå distriktsnoreg eit heilt anna biletet og statsministeren tar heilt feil.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 149 av dei minst sentrale kommunane går både Høgre og Frp tilbake. Tar vi med støttepartia Venstre og KrF, går den borgarlege blokka tilbake med 7,4 %, samanlikna med 2013-valet. Dei raudgrøne går fram tilsvarande. Ein auke som er dobbel så stor som landsgjennomsnittet.

Senterpartiet går fram med 12,3 % i desse kommunane og er største parti med 27,9 % oppslutnad. Dei raudgrøne har styrka seg kraftig i distrikta og har nå 62,5 % av stemmene bak seg. Riktig nok har Senterpartiet tatt stemmer frå Arbeidarpartiet i distrikta, men partiet har i tillegg tatt alle stemmene som dei borgarlege mista. Valresultatet syner at Ap mista 15.077 stemmer, dei fire borgarlege partia samla mista 16.977 stemmer, mens Senterpartiet har fått 32.640 fleire stemmer. Ved valet i 2013 hadde dei borgarlege partia ein oppslutnad på 43,3 % i desse kommunane, no har dei 35,9 %.

Dei som ikkje ser protesten som ligg i dessa tala, må vera blind.

Valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU meiner resultatet viser ein klar demonstrasjon mot regjeringas distriktspolitikk. Han får medhald av valforskar og statsvitar Bernt Aardal.

Protesten er eit resultat av at det er distriktskommunane som er sterkast råka av regjeringas reformpolitikk. Kommunereforma som i fylgje regjeringa skulle styrkja lokaldemokratiet eller nærpolitireforma som skulle sikra tilstedeværelse av kompetent og effektiv lokalt nærpoliti, der folket bur, har ført til det motsette. Det er desse kommunane som best kjenner dei praktiske konsekvensane av regjeringas landbruks- og fiskeripolitikk. Det er desse kommunane regjeringa ynskjer skal bli slått saman med Høgre- eller Frp-styrte kommunar, slik at ein får kvelt distriktsstemma ein gong for alltid.

Når statsminister Erna Solberg bevisst forsøkjer å ignorera denne protesten, så gløymer ho at det er blitt hytta med nevar i sjukehuskorridorar, på lensmannskontor, i fjøs, på fiskeskøyter og på lærarrom. Regjeringa sin forsvarspolitikk er tynnsliten i fleire fagmiljø. I tillegg kjem frustrasjonen mot forsvarsforliket og politireform som regjeringa er ansvarleg for, med ryggdekning frå Ap. Det er dette som er forklaringa på kvifor dei borgarlege partia og Ap går tilbake i distrikta. I følgje Todal var Ap alt for seine i valkampen med å bli med Senterpartiet på protesten mot regjeringas distriktspolitikk. Veljarane i desse kommunane har no talt. Dei vil ikkje ha denne politikken.

Senterpartiet har vore tydeleg på at sentralisering har ein pris og nærheit ein verdi.

Når nærheit mellom folket og dei som styrer blir borte, viser erfaring at folket sitt engasjement blir svekka. Hovudsakleg fordi dei som styrer ignorerer folket. Når ein opplever gong på gong å ikkje bli lytta til, blir det i lengda for slitsamt og engasjementet forsvinn. Det er sørgjeleg, men ein realitet. Derfor vil ikkje Senterpartiet at kommunar skal slåast saman med tvang. Dei som frivillig vil vera små, skal ikkje straffast med bortfall av inntekt. Senterpartiet vil ta omkamp i haust på kommunereforma fordi Stortingets samansetning no er annleis enn i juni. Dei partia som stemte imot tvangssamanslåing i juni er no i fleirtal på Stortinget. Dersom KrF framleis står på det dei meinte i juni, vil regjeringas kommunereform falla saman. Lukkast me med det vil moglegheita også kunna opna seg for kommunar som angrar seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Margunn Y. Samnøy

Fusa Senterparti