Vanvittig løp av Sverre Lunde Pedersen: Tok sin første VM-tittel

Like før jul tapte Sverre Lunde Pedersen i parløp mot Danila Semerikov. Torsdag smadra han russaren og vart verdsmeister.

Osingen har vist ei enormt fin stigning i forma etter jul. Sist helg klinte Sverre til med siger på 5.000-meteren i V-cupen heime i Vikingskipet på Hamar. I VM i enkeltdistanser i Inzell, var 26-åringen heilt i eigen klasse.

– Dette er Sverre på sitt aller beste. Han kler av Semerikov og smadrar Kramer, sa NRK-kommentator Even Wetten etter at Sverre hadde glidd over målstreken på fantastiske 6,07,16.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sverre var vanvittige 5,37 framfor Sven Kramer som hadde leidd 5.000-meteren fram til osingen drog av garde i par åtte.

– Eg er heilt mållaus, peste Wetten.

Køyrde frå russaren

I Thialfhallen i Heerenveen før jul heldt Sverre følgje med Semerikov fram til passert 3.500 meter. Deretter såg det ut til at Semerikov starta ein innlagt 1.500 meter. Måten han drog i frå på var nærast mistenkjeleg imponerande.

Den gongen enda russaren med ny banerekord på tida 6,08,15, medan Sverre, som då gjekk sin beste konkurranse for sesongen, gjekk i mål til 6,11,63.

Då var osingen kring eitt sekund bak Sven Kramer. I Inzell på torsdag drog Sverre i frå, og såg seg aldri tilbake. Han gjekk samtlige ti rundar på nær 29 blank og avslutta med tre 28 høg-rundar.

Svens arvtakar pressa på

Men sjølv om Sverre gjekk sitt livs løp, var det eitt par igjen. Patrick Roest starta farleg fort og gjorde det frykteleg spennande for dei kring 10.000 i Max Aicher Arena. Han gjekk 28- rundar lenge, men så byrja han å få det. Sverre var for stabil, og hadde ein løpskurve som berre vart betre og betre. Roest, klarte ikkje ta det. Sverre kunne jubla over VM-tittelen, og det med pappa, mamma og broder Eirik på tribunen.

Det glapp i Amsterdam i fjor. No var det Sverre sin tur. Gull, gull, gull.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no