(
(

Vassleidningsbrot: Går dør til dør for å få folk til å flytta bilane

– Det er litt keisamt å bli sperra inne. Vegen kjem til å bli stengd medan arbeidet går føre seg, fortel Agnete Haugland, avdelingsleiar samferdsle og VA i Os kommune.

Det var i går kveld at vassleidningsbrotet blei oppdaga. Os kommune skriv på heimesida at:

– Torsdag kveld fekk vi eit akutt vassbrot i området St.hanshaugen, Stegen, Midtskogveen. Mange husstandar er utan vatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Røyrleggjar var på staden og kopla frå brotet.

– Det er sendt ut SMS til dei som må flytta bilane, om dei skal ut og køyra i dag, for vegen blir stengd. Vi går no dør til dør berre for å vera sikre på at folk har fått det med seg. Arbeidsdagen går nok med, men det er vanskeleg å seia kor lang tid arbeidet vil gå føre seg, seier Haugland.

Sendt ut 80 SMS

Teknisk vakt, Hege Christine Bolstad, fortel at det er sendt ut SMS til 80 personar, men at ho ikkje har heilt oversikt over nøyaktig kor mange husstandar som er råka.

Det er etablert ei vassport i krysset mellom Øyrsmoget-Midtskogvegen og Stegen. Gul tank med vatn står også plassert på parkeringsplassen øvst i Kolabakkane, opplyser kommunen.

Det skal bli send ut tekstmelding når det er ei endring i situasjonen.