Vegard Skeie er som faren (Jan Frode) var eit farleg daudball-våpen for Os. Onsdag skåra ungguten sitt tredje mål for Os denne sesongen.
Vegard Skeie er som faren (Jan Frode) var eit farleg daudball-våpen for Os. Onsdag skåra ungguten sitt tredje mål for Os denne sesongen.

Vegard og Os flyg høgt inn mot ferien

Vegard Skeie og resten av Os-gutane er i støtet om dagen og avslutta vårsesongen med ein solid 7-0-siger over Valestrand-Hjellvik onsdag.

Dei gul-svarte hadde full kontroll frå start til slutt og om noko skal innvendast, må det vera at laget lett kunne vunne med dobbelt så mange mål. Alt før Christoffer Hafsås sett inn 1-0 etter eit framspel frå Marius Mikkelsen, hadde Nordfjordeid-karen og fleire med han, bronne mange sjansar.

– F..en også. I dag er eg skuffa over meg sjølve. Først bommar eg på straffe. Deretter hadde eg tre-fire hundreprosentsjanssar som eg burde skåra på etter kvilen, sukka Christoffer Hafsås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då han vart teken av banen i det 75. minutt var han skikkeleg irritert.

– Eg veit det ikkje betyr så mykje, men eg har forventningar til meg sjølv, og føler eg ikkje innfridde i dag, seier 26-åringen.

Tredje fulltreffar

Ein som hadde grunn til å vera nøgd med dagen var 17 år gamle Vegard Skeie. Ungguten har dei siste kampane vore brukt som anker på midtbanen. Det er ein rolle han trivst i.

Christoffer Hafsås helsa høfleg etter skåringa si i første omgang, men ønskte seg grunn til å helsa adskilleg fleire gonger på onsdag.
Christoffer Hafsås helsa høfleg etter skåringa si i første omgang, men ønskte seg grunn til å helsa adskilleg fleire gonger på onsdag.

– Eg liker det godt. Eg får vera litt meir med i angrep enn som midtstoppar, seier han.

Skeie vart også kåra til Os beste spelar av den lokale juryen. Underteikna seier seg samd og legg til at Torkel Hjertnes var eit damplokomotiv på høg kullfyring på høgrekanten.

Mål vert det også. Etter at Alexander og Steffen Kvamsdal hadde putta på til 2- og 3-0 var langbeinte unge Skeie frampå med pannebrasken og hedda inn eit hjørnespark. 4-0 stod til pause.

Jakta 50. mål

Etter kvilen stod Os nærast med fire angriparar permanent oppe. Likevel stoppa det litt opp etter at Rafael Villen hadde skåra 5-0-målet tidleg i omgangen.

Det vart mykje stong ut, og ein del mål avblåst for offside og liknande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje tale om at i ballen var ute før Torkel (Hjertnes) låg inn her i stad, kommenterte Hafsås etter kampen. Han putta sjølvsagt på det innlegget til ingen nytte.

Men 6- og 7-0 kom likevel. Begge ved Mats Cato Moldskred som i denne kampen spelte venstrekant.

Trenar Tim Henrik Sperrevik var ok nøgd med kampen, men skulle gjerne hatt EITT mål til.

– Eg ville gjerne at me skulle gå til ferie med 50 skåra mål. Det mangla me eitt på og det irriterar litt, vedgjekk Sperrevik.

Men leiing er det i alle høve. Os leiar no med fire poeng på Fyllingsdalen 2, inntil dei spelar sin siste kamp mot Lyngbø til helga.