Kommuen jobbar med forskrifta om bandtvang for hund, som nok er litt for upresis.
Kommuen jobbar med forskrifta om bandtvang for hund, som nok er litt for upresis.

Veit du kva tid og kor du må ha hunden din i band?

Kommunen jobbar i desse dagar med forskrifta om bandtvang for hund. Ordførar Marie Bruarøy seier at den noverande forskrifta nok er for diffus.

– Eg tok opp dette temaet på rådhuset for eit par veker sidan. Eg har snakka med kultureininga og ein jurist, som har jobba litt med dette, seier Bruarøy.

Rekreasjon

Under § 1 Utvida bandtvang i forskrifta heiter det:

Artikkelen held fram under annonsen.

I område av kommunen der husdyr har rett til å beita og faktisk beiter, og i område der vilt som skal beskyttast har sitt leveområde, skal hundar haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda frå 1. april til og med 30. september.

a.) Hundar skal vidare haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda heile året i parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelundar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik og idrett, sport eller rekreasjon.

Det er ordet rekreasjon, som gjer at forskrifta er open for tolking, meiner Bruarøy.

– Rekreasjon kan føregå overalt. I samband med merkeprosjektet, kor vi har merka turstiar i Os, er det sett opp infoskilt som gjerne går litt langt om ein er hundeeigar og ønskjer å sleppa hunden laus. Der står det at det er bandtvang heile året. Det vi snakkar om no, er ei problemstilling som jamleg vil koma opp, seier ordføraren og legg til:

– Om ein er hundeeigar, ønskjer ein gjerne å sleppa hunden laus i fjellet, men om ein er ein turgåar som er redd for hundar, så ønskjer ein ikkje å ha lause hundar kring seg.

Må handsamast politisk

Vidare fortel Bruarøy at dei nok blir nøydde for å spissa forskrifta litt.

– Om ein tek Osmarka, med hesteløypa og Knutabro som eksempel. Det er eit turområde som inviterer til aktivitet. Eg vil seia at det er eit typisk rekreasjonsområde, men det er også ope for tolking. Vi må definera ordet rekreasjon og spissa det meir. Det er også naturleg at vi ser til Fusa, då vi på eit tidspunkt uansett må samkøyra. Om det kjem anbefalingar til endringar i arbeidet som blir gjort i desse dagar, blir det ei sak som må handsamast politisk.

Hundebæsj langs vegen

I lang tid har det vore snakk om hundeeigarar som ikkje plukkar opp hundens avføring når dei er ute og går tur. Det blei seinast nemnd i Facebook-gruppa Oppslagstavlo i Os 13. mars, og det har vore eit samtale i den nemnde gruppa ved fleire høve. Os & Fusaposten har også skrive om problemet tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan ein straffa dei som ikkje plukkar opp avføringa til hunden?

– Ja, det ligg i forskrifta. Det går på forsøpling. Ein skal syta for å fjerna hundeavføring, og hundeposar skal ikkje kastast i naturen. Det er straffbart, jamfør hundeloven § 28. At folk ikkje klarer å plukka opp etter hunden sin, eller legg frå seg bæsjeposane i naturen, er eit frustrasjonsmoment. Særleg om dei let posane liggja. Då hadde det vore betre å la avføringa liggja, og regna vekk – sjølv om heller ikkje det er rett.

– Greitt om det er langt inne i skogen

I og kring Os sentrum er det fleire stasjonar med miljøvenlege hundeposar med eit lite bosspann ved.

– Dei er til fritt bruk for alle. Sjølv om det er nedbrytbar plast, vil eg likevel oppmoda folk til å ikkje kasta frå seg posane i naturen. Plast er plast for dei fleste, og dei som ser desse liggjande i naturen, kan ikkje vita om dei er nedbrytbare eller ikkje, seier Bruarøy.

– Har du kjennskap til at om nokon er blitt straffa for ikkje å plukka opp etter hunden?

– Nei, det har eg ikkje, seier ordføraren og legg til:

– Eg meiner at om ein går langt inne i skogen, med hunden i ei langline – og han gjer frå seg langt unna stien – då er det greitt å la det liggja. Det er ikkje greitt å la det liggja om det er på eit fortau eller på ein skuleplass. Ein har eit ansvar om ein har hund, seier ordføraren.