annonse

Velkommen legg ned butikken på Fjord'n senter

: Eigar Astri Samnøy understrekar at det er butikkdelen som skal leggjast ned, men at både firmaet og nettbutikken skal driftast vidare. (Arkivfoto)

Interiørbutikken Velkommen AS opna i 2006. Etter svikt i omsetnaden i haust, ser ikkje eigaren noko annan utveg enn å leggja ned butikken.

- Etter eit veldig bra år i fjor, og første halvdel i år, har omsetnaden vår dessverre rast nedover sidan vi fekk eit mindre lokale 1. august, fortel eigar Astri Samnøy.

Ho meiner det kan vera fleire årsaker til inntektssvikten, og understrekar at ho slett ikkje er bitter på Vinmonopolet, som fekk store deler av Velkommen sine lokale.

- Å få Vinmonopolet som nabo har tvert i mot gjort våre siste månader mykje koselegare, seier Samnøy.

Ho understrekar at det er butikkdelen som skal leggjast ned, men at både firmaet og nettbutikken skal driftast vidare.

Tøff bransje

Eigaren konstaterer at Velkommen AS driv i ein svært tøff bransje med stor konkurranse.

- Dei usikre økonomiske tidene i Noreg har i tillegg ført til laber kjøpelyst, som vi dessverre er blitt råka av, seier Samnøy og held fram:

- Vi merkar også effekten av at euroen stig. Dette gjer store utslag ved innkjøp av varer og på prisen for frakt.

Samnøy legg ikkje skjul på at det er vemodig at dei no må leggja ned.

- Det verste er at det ikkje er "frivillig". Å måtta seia opp tilsette er heilt forferdeleg, og eg liker ikkje å bidra til at lokale arbeidsplassar forsvinn. Men eg kan ikkje driva butikk, når omsetnaden ikkje lenger er god nok til å forsvara drifta. Etter 10 år, kan eg heller ikkje gå tilbake til ikkje å ta ut løn, seier Samnøy, som vil savna både kollegaar og kundar.

Ho nyttar samstundes høvet til å takka for alle fine kommentarar, gode samtaler - og for alle som har vore innom og handla i løpet av dei snart 10 åra.

Held fram på nett

I 2009 opna Velkommen AS nettbutikk. Drifta her held altså fram etter nyttår.

- Ja, alt er heldigvis ikkje berre svart, for med eit nytt år kjem nye moglegheiter, og 2016 skal bli eit spennende år for både meg og Velkommen AS, seier Samnøy.

Verksemda disponerer lokalet på senteret ut mars 2016, men tek sikte på å stengja dørene "litt før dette". Alle varer skal i utgangspunktet seljast ut (nettbutikken har sitt eige lager).

- Vi vil uansett ha vanleg drift av butikken i minst to månader til. Så dei som har bestilt varer vil få desse og dei som har gåvekort liggjande skal få tid til å nytta desse, forsikrar Samnøy, som kjem med følgjande oppmoding avslutningsvis:

- Drøymer du om å starta din eigen interiørbutikk, ta kontakt! Å overta etter oss, vil vera lettare enn å starta opp heilt på nytt. Om du ønskjer dette, må du vera rask med tanke på lokalet vårt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut