Fjordingen Venar kan smila på kommando, fortel Marte Kolle.
Fjordingen Venar kan smila på kommando, fortel Marte Kolle.

Venar (14) smiler på kommando

– Eg berre gjev han noko godt, så smiler han, seier Marte Kolle (10).

Det var mykje liv på og ved Fjord´n Senter då Markens Grøde og Fritidsmønstringa gjekk av stabelen laurdag. Marte Kolle stod utanfor og venta på at det skulle koma ungar som ønskte å ri på fjordingane Venar og Villa.

– Han vil berre eta, seier Marte, då vi prøvde å ta bilete og Venar «klipte plenen».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han kan faktisk smila på kommando. Sjå her, seier Marte og dreg fram noko knask til fjordingen.

– Såg du det, han smilte litt. Han plar smila endå meir, seier Marte.

– Han ser ganske sterk ut. Har du kontroll på han?

Marte Kolle og Venar saman med Susann Koldal og Villa.
Marte Kolle og Venar saman med Susann Koldal og Villa.
Bok og bollar
Bok og bollar
Unge Høgre-tilhengjarar.
Unge Høgre-tilhengjarar.
Arbeidarpartiet var på plass, både frå Os og Fusa.
Arbeidarpartiet var på plass, både frå Os og Fusa.
Danseframsyning.
Danseframsyning.
Musikalsk innslag.
Musikalsk innslag.
Jonathan fekk helsa på kalvar.
Jonathan fekk helsa på kalvar.

– Ja, eg er sjefen her, seier Marte.

Namn på fleirbrukshallen?

Det er Susann Koldal (26) sine fjordingar. Ho har lært storebroren opp storebroren til Marte, og no er det Marte som blir skulert.

– Vi er i slekt ganske langt ute. Marte har ridd sidan ho var tre år, men det er først dei siste åra ho har gjort alvor av det, seier Koldal.

– Korleis er det å stå her ute i regnet?

– Det er litt surt i dag, men det er kjekt å stilla opp. Hestane klagar ikkje. Då er vi glade også, seier Koldal og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å ri, fekk borna helsa på kalvar. Det var også lokale musikalske innslag og dans på tapetet. Aktivitetskoordinator for den nye idrettshallen, Embla Helland, var på plass for å få folk til å koma med forslag til namn på hallen.

– Vi har fått inn nokre forslag både i dag og på e-post. Eg tenkjer at namnet må vera inkluderande og noko som så mange som mogleg kan føla ei kopling til. Eg har min favoritt så langt, men eg kjem ikkje til å seia kva det er, seier ho.

Melkespannhalding

Ordførar Atle Kvåle har også eit namn i tankane til den nye hallen. Heller ikkje han vil dela det med publikum.

– Det eg vil seia, er at det ikkje er naturleg å kalla hallen noko med Fusa. Det er ikkje naturleg. Snart er vi Bjørnafjorden kommune. Då er Fusa eit stadnamn i Bjørnafjorden kommune, og hallen ligg heller ikkje på Fusa.

Kristian Størksen er ny senterleiar på Fjord´n Senter og fekk ta del i arrangementet for første gong. Då Os & Fusaposten skulle prata med han, filma han og sende direkte til Facebook-sida til senteret.

– Det er også viktig for senteret å vera aktive på sosiale medium, seier Størksen og legg til:

– Det er kjekt med slike arrangement fordi det samlar mykje folk. Her er det mykje kvalitetsvarer til sals og det er musikalske innslag. Vi har også melkespannhalding-konkurranse i år. Dei slepp å stå på scenen slik at alle kan sjå dei, seier Størksen og smiler.