Venskapeleg kriging på heimesnikra bane

– Banen er rustikk, og slik skal han vera. Ein skal merka at her har det vore kriga før, seier Frank Haugland.

For ti år sidan hadde Frank Haugland utdrikningslag. Paintball var ein av aktivitetane, og veslebror Mons Daniel, som då var tolv år gamal, blei heilt frelst. Han gjekk til foreldra og spurte om ikkje han og venene kunne få lov til å byggja ein skikkeleg bane i skogen ved heimen. Det fekk dei lov til, så lenge dei gjorde det sjølve. Ti år seinare treffer Os & Fusaposten brørne Frank og Mons Daniel på banen, som ligg godt bortgøymd i skogen nedanfor huset til foreldra. To lag er i ferd med å tevla mot kvarandre på den 100 meter lange og 40 meter breie banen.

– I 2008 stod banen klar, vi har sjølvsagt jobba med han med åra, og det er rom for å utvida om vi vil det, seier Mons Daniel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gutane laga banen for å bruka han sjølve, men med åra har det skjedd mykje. Det er investert i utstyr, og heile opplegget er blitt meir og meir profesjonelt med åra. I dag leiger Bjørnefjorden Paintball, som dei heiter, ut banen, våpen og det ein treng for å kriga. Det er klare reglar for våpen og maskebruk, og det er laga til tryggleikssonar bak nettet inn til banen. I tillegg er det lagt ut pallar på stien ned til banen, slik at ein skal kunne koma seg tørt og trygt gjennom skogen. Kriginga tysdag markerte starten på sesongen.